Gå til sidens hovedinnhold

Allsidig møteveke på Tonstad

Sirdal bedehusforeining innbyr til møteveke igjen på Tonstad bedehus. Svein Sturla Tonstad i Misjonssambandet som saman med Indremisjonsforbundet har stifta Sirdal bedehusforeining. NLM inviterer til ei allsidig veke. Endeleg ser det ut til at normale forhold er tilbake på bedehuset. Mykje er blitt avlyst på grunn av smittefare.

Marit Andersen frå Arendal er hovudtalar. Ho har vore misjonær i Bolivia frå 1998. Ho har vore lærar på Kvitsund gymnas. Nå er ho forkynnar på landsplan for NLM og er fellesskapsutviklar i NLM Sør. Møteveka er allsidig med damekveld tysdag, onsdag blir songlaget Sirdals-kameratane med, torsdag er det arbeidet i Bolivia og Sør-Amerika som står i fokus. Fredagskvelden er via til song med Sirdals eigne Anne Lise Myre Nilsen som stiller med «sin hær», det er delar av sauehusgjengen som i fleire år hadde konsertar i sauefjøset på Myre. Gruppa har ikkje fått offisielt namn ennå. Anne Lise liker å synge, ikkje minst i heimbygda. Fredag er det Arvid Nedland som syng saman med Anne Lise, dermed er det litt country-gospel med songar frå bedehusland. Musikarane Jann Gustav Åtland, Kjell Kvinlaug og Olaf Thormodsæter utgjer resten av gruppa.

Søndag er det storsamling om føremiddagen på bedehuset.

AK