Gå til sidens hovedinnhold

Asfaltering på Bøstølen til sommaren: - For å få inn 50.000 på kakelotteri måtte me arbeidd dugnad ganske mange laurdagar

Sokndal Rotaryklubb har løyvt 50.000 kroner til fleirbruksløypa på Bøstølen i Sokndal. Dermed kan Sokndal skiforening sende søknad om spelemidlar til eit fullfinansiert prosjekt. Dei satsar på å få asfaltert hovudtraséen til sommaren.

For abonnenter
(Dalane Tidende)

Fleire lag og foreningar har jobba for å få til ein ny fleirbrukspark på Bøstølen. I tillegg til ein hovudtrasé med asfalt er det planlagt stiar og rasteplassar. Målet er at dette skal bli eit bra friluftsområde. Dei 50.000 frå rotaryklubben gjer den økonomiske prosessen lettare, ifølgje Tommy Lindås i Sokndal skiforening, som er éi av foreningane som jobbar for parken.

- Om me skal tene 50.000 på kakelotteri, blir det ganske mange laurdagar med dugnad. På grunn av gåver som dette har me no råd til asfalten me skal leggje på hovudtraséen, og då vil søknaden vår om spelemidlar vere fullfinansiert. Det er heilt fantastisk at organisasjonar som rotaryklubben støttar prosjektet me drar i gang, det er utruleg god motivasjon.

Ikkje berre ski

Skiforeininga er éi av fleire som står bak prosjektet. Og det er ikkje berre skigåing friluftsområdet er meint for. Målet er å senke terskelen for folk i Sokndal til å kome seg ut og bruke området.

- Det er lettare å kome seg ut i naturen når det er litt meir tilrettelagt og ordentleg, og ein ikkje treng å gå i ei myr. Hovudtraséen skal vere perfekt for både sykling, turgåing, springing og rulleski. Området har eit hav av moglegheiter for friluftsaktivitetar. Det er ikkje først og fremst vintersport me satsar på, men allsidig bruk for alle, seier Lindås.

President i Sokndal Rotaryklubb, Tommy Nilsen, seier dei bestemte seg for å støtte prosjektet fordi det vil gagne heile bygda, og at det vil treffe mange.

- Området vil jo bli framkommeleg for alle når det blir ein asfaltert hovudtrasé. Då vil alle kunne komme seg ut i skogen, sjølv om ein for eksempel er avhengig av rullestol. Dette gjorde at me tente på idéen, og ville støtte, seier han.

I første omgang er det hovudtraséen dei skal ha ferdig, med asfalt. Den held dei på å grave og klargjere. Til sommaren skal han vere ferdig asfaltert og klar. Men planane for området stoppar ikkje der for initiativtakarane.

- Me håpar på at dette berre er starten, og at me skal kunne lage både stiar, rasteplassar og anna gøy. Men dette må me ta på sikt, me er jo avhengige av økonomi, poengterer Lindås.

9 av 10 unge går tur

Samtidig som det blir jobba med å utvikla Bøstølen i Sokndal, melder SSB at 9 av 10 barn og unge går på tur, og at 92 prosent i alderen 6 til 15 år har vore på tur i skog og mark i løpet av 2020. Samtidig er både ski- og sykkelturar populært i aldersgruppa.

- Dette er ei veldig positiv utvikling. Ved å lære barna våre å bruke naturen, gir me dei ei viktig kjelde til både glede, fysisk aktivitet og avkopling, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.

Tala viser ein oppgang frå den tilsvarande undersøkinga i 2013. SSB presiserer at tala kan ha blitt påverka av koronapandemien i 2020, og seier at naturen har betydd ekstra mykje for nordmenn dette året. Og frå sommaren av blir det altså endå betre moglegheiter for barn og unge i Sokndal til å nytte seg av naturen i nærområdet sitt.