SJÅ FLEIRE BILETE NEDST I SAKA I Sirdal er det no busett folk frå over 30 ulike nasjonar. Det er viktig at dei som kjem til bygda føler seg velkomne.

Tone Østtveit Kvinen, leiaren i Bygdekvinnelaget, ønska å gjere noko med det. Saman med Sirdal Bondelag og Vaksenopplæringa i Sirdal kunne ho ønske velkommen til Internasjonal nyttårsfest på kulturhuset på Tonstad.

– Me er alle ulike, med ulik bakgrunn og tradisjonar men me ber alle på draumar og eit ønske om fred, var noko av det Østtveit Kvinen sa før ho ønska alle hjarteleg velkomne.

Song prega programmet og laga ein fin ramme rundt nyttårsfesten.

Feilberekna maten

Og når ein kanskje reknar med at det kjem rundt 70 gjester og ein endar opp med over det dobbelte då er det ikkje lett å berekne korkje mat eller drikke til dei frammøtte. Det gamle trikset med to fiskar og fem brød fungerte ennå, no med påsmurt og kaker, og alle fekk smake litt av det som hadde blitt lagt på førehand.

Til og med julenissen som var innom på ein snarvisitt hadde nok feilberekna litt. Men dei store borna delte solidarisk med dei små og nissen kunne reise vidare og ta ein velfortent ferie etter at det siste oppdraget for i år var avslutta.

Eit av dei sterkaste inntrykka var nok dei to unge jentene som dansa. I bakgrunnen vart det vist ein film frå heimplassen deira der me fekk sett korleis det såg ut før byen vart bomba og etter bombinga. Dansen var imponerande men det alvorlege bakteppet gjorde nok at dei fleste var glade for at dei bur i trygge Sirdal.

– Me blei kontakta av Bygdekvinnelaget like før jul og me såg dette som ein gylden muligheit for at folk kunne treffe kvarandre med eit felles mål om å inkludere og å vere inkluderande, kunne rektoren i vaksenopplæringa Gry Iren Josdal fortelja.

Positivt

Ei lettare sjokkskada Josdal hadde på ingen måte sett føre seg den massive folkevandringa til kulturhuset denne torsdagskvelden.

Å hjelpe ein person endrar som kjent ikkje verda, men det kan endre verda for ein person.

– Dette mantraet er noko me jobbar ut frå på vaksenopplæringa, kunne ein stolt rektor fortelje.

Det er i skrivande stund rundt 30 ukrainarar i Sirdal og dei er avhengige av å vite kven folk i Sirdal er.

– Det var utruleg positivt at så mange hadde høve til å kome her i kveld. Så får det vere vannari om me bomma litt på serveringa, sa ei glad Gry Iren Josdal avslutningsvis.

På slutten av kvelden fekk alle som kom med seg eit ønskje om eit Godt nytt år før dei gjekk heim. Folk fra tolv ulike nasjonar, busette i Sirdal, gjekk opp på scenen og framførte helsinga på sitt eige morsmål. Ein fin avslutning på ein triveleg kveld.