Filmregissør, Frode Fimland, som står bak dei to populære filmane om Oddny og Magnar, «Søsken til evig tid», og «Amerikareisa», har laga denne nye filmen, om «John - den siste norske cowboy». Denne gong har han funne fram til 94 år gamle John Høiland i Montana, USA. Han driv ranchen sin etter eige hovud og smak, som det vart drive for 40 – 50 år sia. Far til John utvandra i 1915 frå Høyland i Helleland, dagens Eigersund kommune. Slekta kan sporast tilbake til Sirdal, til gardane Tveiten og Skreå.

Rancharane i Montana dreiv ofte med sauehald og eit jordbruk som liknar mykje på driftsforma i Vest-Agder og Rogaland. Mellom dei norske pionerane innan sauedrifta i Montana like etter 1880, finn ein mellom andre to brør med namnet Lavold (Nes, Flekkefjord), og kompanjongen deira frå Mydland i Sokndal.

Ein kan og sjå på sauedriftene i Montana som ei fortsetjing av dei store driftene som var vanlege på våre kantar. Mange av gjetarane var ungdommar som seinare reiste til Amerika.

Tidleg på 1900-talet, då far til John reiste frå Høyland i Helleland over til Montana, reiste mange andre eventyrlystne ungdommar til Montana. Sjølv om dei fleste var frå Dalane og Jæren, var det også nokre frå Sirdal som slo seg ned i området rundt Big Timber og Livingston i Montana.

I samband med filmframsyninga på Tonstad vil regissøren Frode Fimland fortelja litt om filmproduksjonen og samarbeidet med cowboyen John. Johannes Risnes vil knyta denne historia til Sirdal si lokale utvandringshistorie. Om nokon har spørsmål, så vil det vera tid til det etter filmen.