Gå til sidens hovedinnhold

Den siste norske cowboy: Regissøren til Kvinesdal i kveld

Frode Fimland, mannen bak dei to populære filmane om Oddny og Magnar, «Søsken til evig tid» og «Amerikareisa», har gjort seg skuldig ein ny film.

Filmen heiter: John – den siste norske cowboy.

Denne gongen har han funne fram til, nå 94 år gamle John Hoiland, ein ranchar i Montana, USA. John – den siste norske cowboy, er ein verkeleg veteran mellom cowboyane i Montana.

Han driv ranchen sin etter eige hovud og slik som det vart drive for 40–50 år sia. Far til John utvandra i 1915 frå Høyland i Helleland, dagens Eigersund kommune.

Til filmframsyninga i Kvinesdal Kulturhus 25. november kjem regissøren Frode Fimland til Kvinesdal kino og vil fortelja litt om filmproduksjonen og samarbeidet med cowboyen John.

Johannes Risnes, vil gi ei kort innføring i Amerikafarten frå vest i Vest-Agder, og knyta John og rancharane i Montana til vår lokale historie.