Gå til sidens hovedinnhold

Ei flott historisk reise på Sirdalsvatnet

Sirdal kommune arrangerte nyleg guida tur til Holmen, og det vart ein svært vellykka tur. Vêret var upåklageleg og Sirdalsvatnet synte seg frå si beste side.

Turen gjekk frå «gamlebrygga» på Tonstad, og her fekk publikum høyra historie frå den gong då dette var sentrum og vatnet var det som knytta folk saman. I gammal tid var det slik at dersom ein skulle til byen (som var Flekkefjord) så måtte ein ro.

Det var ikkje berre folk frå Tonstad og grendene rundt, men òg frå Fjotland (Risnes og Netland) gjekk folk over heia til Tonstad. Her leigde dei båt og «fraktemann», reiste nedover vatnet til Flekkefjord for å handla, og same vegen i retur.

Ei slik reise for ein fjotlending tok ei veke (!). Dette var før dampbåten «Fram» kom i 1885 og gjekk i rute på Sirdalsvatnet, etter den tid vart det enklare å planleggja ein bytur.

PS! Takk til Astrid Tjørhom, Kate Tjomlid og Ingvil Ovedal som tok desse flotte bileta på turen.