Er me verkeleg så tafatte som varaordføraren vil ha det til?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Mange får nok med seg at det vert diskutert om Øvre Sirdal bør bli ein del av Gjesdal kommune. Når eg er saman med folk sør i kommunen får eg gjerne spørsmål om kvifor det har blitt slik. Eg kan peike på mange politiske vedtak som viser kvifor misnøya veks. Vedtaka som er fatta i samband med utbygginga av Sinnes skule har fått mest merksemd. Der har vedtak på vedtak blitt fatta utan at lokalbefolkinga er blitt lytta til eller respektert.

Eit anna døme er fjorårets kommunebudsjett der stillingar ved fjellmuseet vart kutta og bibliotekstilbodet i Øvre Sirdal vart halvert, og tidlegare vart ei stilling ved dagsenteret for dei eldre på Tjørhom fjerna. Ingen andre delar av kommunen vart ramma av nedskjeringar i budsjettet. Då årsrekneskapen kom viste den eit overskot i 2019 på 15 millionar.

I sist formannskapsmøte kom det på ny ei lita sak som illustrerer korleis den politiske leiinga, og då særskild varaordføraren, karakteriserer innbyggarane. Sak 127/20 omhandla oppgradering av brannstasjonen ved Svartevatn, samt eit lite tilbygg til Øvre Sirdal leitegruppe som tidlegare har hatt rom på loftet av brannstasjonen.

Saka er ei gladsak, der heile prosjektet vart rundt 1,5 millionar billigare enn budsjettert. Så gjenstår isolering og ferdigstilling av lokalet som leitegruppa skal disponera, noko som vil koste 62.000,-. Varaordførar Liland tek ordet, seier nokre ord om at leitegruppa er viktige og flinke, men følger deretter opp med å føreslå at leitegruppa kunne gjort isolasjonsjobben på dugnad, at dei som jobbar frivillig i Sirdal altfor ofte kjem til kommunen for pengestøtte, at det manglar vilje til å finne andre løysingar og at det er forferdeleg passivt å spørre kommunen om støtte. Varaordføraren sin konklusjon er klar: Dette er ei trist sak, og leitegruppa har vore for tafatte.

Isak Liland seier sjølv at pengesummen er liten, og at han ikkje vil lage noko stor sak ut av å seie det han seier. Men kvifor seier han det då? Han stemmer uansett for å gje støtta til isoleringa, så kvifor er det naudsynt å seie at dei frivillige i leitegruppa er tafatte og passive?

Kva veit varaordføraren om frivilligheita i Sirdal? Heile denne leitegruppa er bygd opp eine og åleine på frivillighet. Leiaren av gruppa har søkt og fått støtte frå bankfond, miljødepartement og Sira Kvina. Bygdekvinnelaget har halde basarar og gitt inntekta til leitegruppa. Det kallar eg verkeleg ikkje tafatt!

Leitegruppa er ein del av kommunen sin beredskapsplan, så kvifor det må behandlast som sak ang. isoleringa, er uforståeleg når det kjem fram at det er mykje midlar att.

Me som har hatt og har familiemedlemer som er med i leitegruppa, veit korleis det kan opplevast når uvêret slår inn og alarmen går. Vi veit også korleis det er når dagsplanar må utsetjast og netter går med til leiting.

Skiskyttarbanen og lysløypa på Tjørhom er eit anna døme på frivillighetsarbeid her. Det er mange av dei same folka som er i leitegruppa som har lagt ned mange timar arbeid der og. Det kan vere varaordføraren ikkje har sett resultatet, men om han tek turen,vil han sjå at personane i leitegruppa verken er tafatte eller passive.

Ja, politikk handlar om å fordele ressursar, men politikk handlar også om tillit og respekt. Mange som bur i Øvre Sirdal opplever ikkje at det politiske fleirtalet møter oss med respekt. Derfor har dei ein jobb å gjere for å få vår tillit. Då kan det vera eit godt råd å snakka med innbyggarane og evaluera sin eigen kommunikasjonsform også i saker i Sirdal nord.


Artikkeltags