Mannen min og eg har vore så heldige i livet at me ikkje har hatt trong for hjelp frå helsevesenet, ja sett bort frå fødslane. Derfor var me seine med å søkje kontakt for å få hjelp då det var naudsynt. Etter yngste sonen vår gav eit ultimatum: legevakta eller 113 lét mannen min meg ringje legevakta. Der fekk me time, kunne gjere oss klare og dra.

Så greitt me blei tekne imot! Undersøkingar blei sette i gong og systemet fungerte. Ikkje lenge etter var me vidare til sjukehuset i Flekkefjord. Der blei me tekne imot på same gode, omsorgsfulle måten. Det var visstnok på høg tid. Så lenge skal me ikkje vente med å søkje hjelp ein annan gong.

Etter fem døgn fekk eg med meg heim ein mann som var temmeleg frisk. Han var strålande nøgd med pleia han hadde fått og måten sjukehuset følgde han opp. Pleiarane og anna helsepersonell blei omtala med mange rosande ord.

Det er eit gammalt ordtak som seier at ei ulykke sjeldan kjem aleine. Mannen min kom heim ein søndag, og kommande laurdag morgon ringde eg legevakta att, denne gongen for meg sjølv, for det som synte seg å vere ein betennelse i hofteleddet. Eg trudde eg skulle få tablettar som kunne knekke infeksjonen, men nei. Berre undersøking, to smertestillande tablettar og så vidare til Flekkefjord sjukehus. Begge stadane tok dei omsyn til kor vanskeleg eg hadde for å røre meg, og smertene det førte med seg. For første gong i livet blei eg frakta i rullestol. Heller ikkje på sjukehuset fekk eg tablettar som skulle ta vekk infeksjonen. Han blei nemleg teken på alvor. Kva slags bakteriar var det som forårsaka smertene mine? Var det borrelia? Stafylokokkar?

No ligg eg her i sjukesenga. Det er framleis ikkje klart. Antibiotika eg har fått intravenøst, har gjort meg fri for smertene så eigentleg keiar eg meg. Den tida kan truleg ikkje brukast til noko betre enn å rose Farsund legevakt og Flekkefjord sjukehus. Som tidlegare aktiv lærar følgjer eg lærarane sin kamp frå sjukesenga og voner dei lykkast etter seks år med attendegong og ein pandemi som sette utruleg store krav til dei – og til helsepersonell. Yrkeslivet mitt gjer at eg er kritisk, nøyen og observant. Ikkje ein einaste gong har eg blitt møtt med anna enn velvilje, smil og godleik. Her har eg til og med internett!

Kva ventar me på? På resultata av kva bakteriar som valda infeksjonen. Dei blir dyrka ved Sørlandets sjukehus i Kristiansand. Hadde det blitt gjort her i Flekkefjord, hadde dei visst det for nokre dagar sidan.

Maten ved sjukehuset må få eit lite avsnitt for seg sjølv. Velsmakande, næringsrik og vakkert lagd opp. Til og med dessert!

Det kan tenkjast at eg ikkje har fått med meg alt korrekt, men opplevinga mi kan ingen ta ifrå meg.

Lat oss framleis få ha både Farsund Legevakt og Flekkefjord sjukehus! Me treng dei begge to. Me treng at sjukehuset ikkje mistar nokre av funksjonane sine.