På Miljødirektoratet sine sider ligg ein overvakingsrapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforsking) Rapporten har med fosforutslepp kvart år i perioden 1990 til 2020, men i dette oppsettet er berre årene 1990 og 2020 tatt med for å samanlikne utviklinga i 30 årsperioden.

NIVA beskriver i rapporten akvakultur, jordbruk og avløp med følgene forklaring:

Akvakultur: «Atlantisk laks og regnbuørret i sjøvatn».

Jordbruk: «Modelberegningene er basert på tapskoeffsienter utarbeidet av NIBIO».

Avløp: «Utslipp fra kommunale renseanlegg og mindre lokale avløp».

Fosfor er ein svært viktig byggestein i all matproduksjon, men for mykje fosfor kan føre til avrenning til vassdrag som gjer dårlegare vatnmiljø. Jordbruket har eit strengt gjødselregime, alle bruk må ha gjødselplan for spreing av husdyrgjødsel der fosforinnholdet er spesielt vektlagt. Har ein ikkje tilstrekkeleg areal til husdyrgjødsla, må ein enten redusere dyretalet eller spre husdyrgjødsla hos ein nabo som har for mykje areal.

I jordbruket går husdyrgjødsla og fosforet i ein evig sirkel. Den blir spredt på jorda om våren som næring for graset, graset veks og blir hausta inn til mat for dyra om vinteren som gjer at dei produserer mjølk, kjøtt og ull. Restavfall frå dyra i form av gjødsel blir spredt på jorda neste vår, dette gir næring til graset som igjen blir hausta inn til mat til dyra osv. Å gjenbruka fosforet på denne måten er svært viktig for å ha eit lavt fosforutslepp frå jordbruket.

Dette i sterk kontrast til oppdrettsnæringa der gjødsla frå fisken går rett til bunns av norske fjordar. Fosforet i gjødsla blir ikkje gjenbruka i oppdrettsnæringa. I følge NIVA sin overvakingsrapport er tapet i 2020 nesten 12.000 tonn fosfor i områda på tabellen over. Brennpunkt i NRK hadde for nokre år sidan tema om forureininga i oppdrettnæringa, der blei det opplyst at oppdrettsfisken sitt gjødselutslepp i norske fjordar tilsvara kloakken frå 17 millionar menneske.

Det verste er kanskje ikkje forureininga, men det at fosforet ikkje blir tatt vare på og gjenbruka. Fosfor er ein ikkje fornybar ressurs som er svært viktig i all matproduksjon. Med dagens forbruk rekna ein med at det på verdens basis er tilgjengeleg fosfor i 50 – 100 år, kva med matproduksjon framover? Blir ikkje meir av fosforet gjenbruka vil det gje matkrise for framtidige generasjonar.

Jordbruket er under press blant anna frå Miljødirektoratet som vil redusere bruk av fosfor i den landbaserte matproduksjonen, noko som vil gje mindre matproduksjon. Ein høyrer aldri at Miljødirektoratet stiller spørsmål ved oppdrettsnæringa sitt forbruk/utslepp av fosfor, sjølv om NIVA sin rapport ligg opent på Miljødirektoratet sine egne sider. Kva er årsaka til denne stillheten?