Gå til sidens hovedinnhold

Go Ahead skal ikkje styre kvar elevane i Dalane går på skule

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ungdom i Dalane treng gode kollektivtilbod for å ha eit reelt valg om kor dei vil gå på skule. I Dalane Tidene les vi om buss for tog i realiteten ikkje er eit alternativ elevar på vidaregåande skule, fordi dei kjem ein time for seint. I staden må foreldre i bringe og hente elevane til skulen kvar dag, sjølv om skuleskyss faktisk er fylkeskommunen sitt ansvar. Problemet er at regjeringa har privatisert jernbanen.

Elev Christiane Skulevold Østrem seier dette har gått så langt som å bestemme kva skule ho byrja på, og valde difor internat i staden for musikklinja i Sandnes. Dette er eit heilt hårreisande døme på korleis privatiseringspolitikken gir dei reisande eit dårlegare tilbod. Senterpartiet vil ha ein statleg regulert jernbanesektor, fordi Go Ahead er den siste som skal bestemme kor elevane i Dalane kan gå på skule.