Isak A. Liland og Jonny Liland, kan de hjelpa meg?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg må vite kvifor.

Eg er ein av lærarane til elevane som neste år skal bli køyrde med buss for å gå på skulen på Tonstad. Dei spør meg kvifor. Eg klarar ikkje heilt å svare dei. Dei har mange argument mot, som eg må seie meg einig i og som eg forstår er viktige for barn/ungdommar, td. den lange skulevegen og at dei vert delte frå venene som er att på Sinnes skule.

No har eg brukt nokre timar på å sjå møtet frå 6. februar der dette vedtaket er fatta og dagens møte der det vart sterkt oppfordra til å vurdere omgjering av vedtaket. KrF sin representant foreslår å finne ei løysing slik at ungdomsskuleelevane kan få lov til å gå saman med dei andre på Sinnes.

Det einaste argumentet eg klarte å finne var at du, Isak, vurderer det slik at du er «Overbevist om at det er ei betre løysing kvalitetsmessig for elevane». Kva betyr det? Dette treng eg litt betre forklart for å kunne selge inn til elevane. Eg finn ikkje fleire argument frå nokon av dykk. Heller ikkje i dagens møte.

Utanom dette er du, Isak, den 6. februar veldig tydeleg på at du ikkje er villig til å trekke dette punktet når Sp sin representant foreslår å utsette nokre av punkta, m.a. dette om ungdomsskulen. Han meiner det bør vurderast som eigne saker, sidan dei har store følgjer og at det framleis er mange ukjente faktorar, td. plassering i byggeperioden. Dette viser seg i dag å vere ei god vurdering av Sp, men du er tydeleg og bestemt. Det å vedta å sende ungdomsskulelevane til Tonstad er tydelegvis viktig for deg. Men kvifor?

Jonny, du var ikkje med den 6. februar, men du synte i dag at du var lite innstilt på å vurdera endring av vedtaket frå møtet du ikkje deltok i, sjølv om dagens sak burde opne opp for ei slik vurdering. KrF sin representant gav dykk fem invitasjonar/sjansar til å bli med og vurdere ei endring av vedtaket frå februarmøtet. Eg klarar difor ikkje å forstå anna enn at du òg er sterk i trua på at dette er rett løysing. Kvifor?

Når ein vert direkte råka av ting som blir bestemt over ein, treng ein informasjon for å forstå kvifor ting skjer. Nokre gonger er ein uenig i vurderingane, andre gonger kan ein forstå. Slik må det være, men utan ei god forklaring vert ein fort frustrert og sinna og mister tilliten til at dei som tar avgjerdene ønskjer ein det beste.

De har sjølvsagt registrert tilbakemeldingar frå mange involverte partar i etterkant av vedtaket den 6. februar. At vedtaket vart fatta utan noko form for forvarsel og uttalerett og at dei mange innspela ikkje vert vekta tyngre i avgjerdene de er med på å ta, skaper òg frustrasjon.

Etter alt dette blir spørsmålet mitt difor som tidlegare nemnt (og eg veit at fleire med meg lurer):

Kvifor?

Kvifor er det ei god løysing at ungdomsskuleelevane skal gå på Tonstad?

Til slutt: Eit spørsmål til har eg fått frå elevane, som sikkert ikkje er så lett å svare på. Det var det iallefall ikkje for meg. De skal sleppe å svare på det, men så er det nemnt:

Kvifor har ikkje våre meiningar meir å seie for politikarane i saker dei avgjer som handlar om oss?

Send leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags