(Dalane Tidende)

Det er sett opp fire, nye historiske skilt langs elva. Desse blei avduka under ei historiske vandringa måndag kveld, ei vandring som markerte starten på Kjærlighedsvego.

Ideen til skilta var det Kjell Rek som hadde. Finn Nesvold, Gro Eia Østby, Gudmund Holmen og Nils Jacobsen har òg vore med i komiteen.

Slik kryssa folk elva

Det første skiltet står ved Hauavadet. Her kunne hestane vassa over elva utan fare for at dei som sat bak i vognene, skulle bli blaute. For å sikra seg mot at hestekjerra skulle flyta opp viss vasstanden var litt høg, blei kjerra surra fast til akslingen.

Folk på Lauvås, Bakkjen og Årstad brukte Hauavadet heilt fram til 1967, då den nye betongbrua til Årstad blei opna.

Skilt nummer to står ved helleristningane, der det i gamle dagar var hengebru mellomÅrstad og Haua. Hengebrua blei bygd av gardbrukarane på Årstad tidleg på 1900-talet, hovudsakleg av materiale frå ei seglskute som låg i Rekefjord.

På skilt nummer tre er det informasjon om den irske bokspenna frå vikingtida, som blei funnen på Bø i 1953. Og det siste skiltet informerer om jernbanebrua på Åmodt.

Danskar var med

Dei einaste som møtte opp for å vera med på den historiske vandringa og avdukinga av skilta, utanom dei som har vore med i komiteen, var ein dansk familie. Serina Elverløv er geolog, og ho skulle på jobbintervju på Titania tysdag. Ho hadde tatt med seg mannen Jannik og dottera Sofie Kirstine til Sokndal, og familien nytta anledninga til å bli med på det som skulle skje i bygda måndag kveld.

Og til alle som gjekk glipp av den historiske vandringa langs elva; Kjærlighedsvego har meir å by på. Kvar dag fram til sundag er det eitt eller fleire arrangement i bygda med kjærleik og vennskap som tema.

Slik er programmet for resten av Kjærlighedsvego:

Tysdag: Raud dag, med besteforeldrekaffi i Bø barnehage og familiearrangement i Åmodtshytto. Alle blir oppfordra til å kle seg i raudt.

Onsdag: Det gode liv-dagen, med tur om morgonen, kjærleikskafé på Bøsenteret, kjærleiksbingo på Sokndal skole og radiobingo frå Bakkaåno Camping.

Torsdag: Rosenes dag, med betongkurs i regi av hagelaget og romantisk film på Sokndal kino. Alle blir oppfordra til å gi roser til nokon ein er glad i.

Fredag: Mangfaldsdagen, med internasjonal kveld på Betania og superheltfilm på kinoen.

Laurdag: Cittaslow-laurdag med torgdag, lesestund på biblioteket, gratis bilvask, VM i kålrabi-bowling, eplekakekonkurranse, drop-in-vigsel, basar og minikonsert.

Sundag: Kjærleikssøndag med kjærleiksgudsteneste.