Gå til sidens hovedinnhold

KrF set klima og miljø høgt på dagsordenen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I landbruket har det vore ein uskriven regel at ein skal gje garden over til neste generasjon i betre stand enn han var då ein overtok han. Kva for ein tilstand vil vi tilby komande generasjonar når det gjeld klimaet og miljøet på jorda?

Vi har alle eit ansvar: Det er lett å leggja ansvaret over på andre, men vi er alle ein del av eit land og eit system der vi brukar uforsvarleg mykje ressursar. Den 29. juli i år hadde vi globalt brukt opp ressursane som skulle vara i heile 2021. Vi har alle nytt godt av gode tider og ressursar frå olje- og gassverksemda i tillegg til andre ressursar. No må vi stå saman for å løysa utfordringane.

FN sin klimarapport som nyleg blei lansert, gir klare signal om at menneskeskapte klimaendringar er årsaka til ekstremvêr av ulik art. Auke i havnivå, høgare CO2-konsentrasjon og temperaturstigning seier oss at vi har ein jobb å gjera, og det vil KrF vera med på.

Forvaltaransvaret er ein sentral del av KrFs idégrunnlag. I praksis betyr det at vi har eit ansvar for bruk av ressursar både innanlands og i resten av verda. Ei meir rettferdig fordeling internasjonalt har alltid stått høgt på KrF sin agenda. I den samanhengen er det også viktig å merka seg at klimaendringane vil ramma den fattige delen av verda sterkast. Miljøutfordringane går òg ut over både menneske, dyr og planter. Igjen er det den fattige delen av verda som får dei største praktiske konsekvensane.

KrF vil mellom anna:

-\u0009Utarbeida forpliktande planar for korleis vi skal kutta utslepp i tråd med Paris-avtalens mål både nasjonalt og internasjonalt slik at vi kan bli eit nullutsleppssamfunn i 2050.

-\u0009Auka satsing på sirkulærøkonomi slik at vi kan redusera forbruk, inkludert energiforbruket.

Det første steget er å bli samde om utfordringane. Deretter er det berre å bretta opp ermane og ta fatt på jobben. KrF ønskjer å ta aktivt del i kampen for å nå klimamåla og å verna miljøet. Godt val!