Gå til sidens hovedinnhold

Levande bygder

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Levande bygder er viktig for Noreg. Fleire og fleire flyttar inn til byane og dei større tettstadene. 82 prosent av befolkninga bur nå i eller nærme ein tettstad. Urbanisering er blitt eit stort problem. Når folk flyttar bort frå bygdene er det ikkje lenger grunnlag for butikkar og servicehandel, og mange av dei må bøte med livet.

For å hindre dette har Kommunal-og næringsdepartementet oppretta Merkur-programmet. Det skal styrke tilgangen på tenester for folk i område med få innbyggjarar og små marknader.

I avisen Agder kan me i løpet av det siste året lese om Øyna Landhandel på Andabeløy som har hatt ein enorm vekst, omJoker-butikken i Åna Sira som er samlingspunktet i bygda. Og om Coop-Marked i Hovsherad, der dei har fått ei ny drivstoffpumpe. Endel av æra for dette skal Merkur ha. Går ein inn og les om Merkur-programmet på heimesida deira dukkarden eine solskinshistoria etter den andre opp om levande bygder, trygge grender og tette naboskap.

I Sirdal har Fjellbutikken i Suleskard fått stønad. Denne butikken har eksistert sidan 2004 og er ein av grunnane til at folk kan busetje seg og trivast i området heilt nord i kommunen. Dei er og den første butikken turistane kjem til på veg over fjellet og spelar såleis ei viktig rolle for Sirdal i måten dei tilsette møter turistane på.

Omlidbutikken ligg midt i den langstrakte dalen vår. Denne butikken har fått økonomisk stønad og rettleiing frå Merkur fleire gonger og hadde nok ikkje eksistert om dei ikkje hadde fått det. Kundegrunnlaget er lite men med ei utradisjonell drift ogdedikerte folk som bryr seg trekkjer dei folk til seg frå fleire kantar. Om det ikkje er heilt dei same veggane så lever minner framleis om ei drift som starta så langt attende som i 1910. Dette er den eldste butikken som framleis er i drift i dalen. Omlid hadde eingong i tida tre butikkar og var kommunesenteret i Øvre-Sirdal før samanslåinga i 1960. No er det ein butikk att somlimar grenda saman.

Det er ingen tvil om at skal folk bli verande på ein stad treng dei eit tilbod. Ein plass som dei har tilhøyrsle til. Det kan vere einbutikk, ein jernvarehandel, ein bensinstasjon ein kafe eller ein pub. Fellesnemnaren for alt dette er at det er der folk kan treffast. Der dei kan diskutere over ein kaffekopp, der dei kan få seg ei pils eller berre treffast for ein drøs.

I ei levande bygd er det ikkje plass til mange spesialbutikkar. Forståeleg nok. Dei butikkane som er der må ta på seg fleire oppgåver. Til dømes post i butikk, turistinformasjon og agentur for større kjeder. Men ei lita bygd kan ikkje ha alt. Det er difor viktig at me klarer å stå imot freistinga når me er i byen og handlar det ein ikkje kan få heime. Det er fort gjort å handle for mykje. Ingen har vel reint samvit på det området, meg sjølv inkludert.

Eg driv det som blir kalla ein tradisjonell bensinstasjon. Det er ein bransje som er truga frå alle kantar. På tjue år er antalet nærast blitt halvert, til omlag tusen. Trusselen kan vera ein automat, handelslekkasje eller drift på ulike vilkår. Ein betent bensinstasjon fyller mange av dei rollene eg har nemnt. Nokre har post i butikk, dei har agentur for ulike kjeder, dei driv utstrakt service for kundane og dei er møteplassen for bygdefolket.

Bensinstasjonane har eit handikap, og det er på tide å sleppe elefanten ut i rommet. Dei har ikkje lov å selje alkoholhaldige varer og det bør dei snart få lov til. Saka var nyleg oppe til debatt i Stortinget, men hadde ikkje nok støtte.

Eit argument mot forslaget er at det ikkje passer seg at ein bensinstasjon skal oppmode folk til å drikke øl. Eg tykkjer det er rart at ein kunde som kjem inn til meg skulle bli så akutt tørst at han må drikke opp 2-3 flasker med øl før han set seg i bilen og køyrer heim, medan same personen, etter å ha handla på butikken, klarer å halde seg til han kjem inn døra heime. Hadde bensinstasjonar og småkioskar fått lov til å selje alkoholhaldige varer, slik som i til dømes Danmark hadde det etter mi meining vore ei styrking av bygde-Noreg. Guppa eg høyrer til er førebels ikkje inkludert i Merkur-programmet. Dette blir det arbeid med men eg fryktar mange går dukken før det blir ein realitet.

Merkur-programmet har som eg har nemnt, gitt stønad til at det blir oppretta drivstoffautomatar. Det er fint så lenge det ikkje skapar konkurranse til ein betent stasjon. Det har til dømes gitt Øyna Landhandel ei auke på 25 prosent ifjor og Hidra DrivstoffAS er med på å halde Kirkehamn levande. Det er jo heilt fantastisk. Det rare med dette er jo at Nærbutikken på Øyna framleishar lov å selje øl, sjølv om dei delvis er blitt ein bensinstasjon. Butikkar kan, om kommunen vil det, setje opp ei drivstoffpumpe på utsida. Nokre plassar kan dette være eit gode andre stader kan det skape problem. Utforminga og nemninga på min butikk gjer at, same kor mykje eg pøsar på med dagligvarer, så er og blir eg ein bensinstasjon.

Me blir lova rettferd bare me har rette trua. Eg vonar me snart kan få rettferd i bransjen. Eg trur bygde-Noreg vil lide om ikkje noko skjer snart.