Gå til sidens hovedinnhold

«Lund, ein del av regionen Dalane»

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lund Høgre ved Tor Inge Moi skriv eit leserinnlegg i Agder om at den økonomiske støtta til Vitensenteret i Jøssingfjord vil gå utover økonomien til vårt bygdemuseum i Lund. Han sette dette opp mot kvarandre, noko som er særs uheldig etter Lund Sp sitt syn.

Vitensenteret i Jøssingfjord er eit regionalt prosjekt i regi av Dalane Folkemuseum. Lund er ein av fire kommunar i Dalane regionen og dermed er det heilt naturleg å støtta opp om dette. Vi er også deleigar av Dalane Folkemuseum og derfor var det sjølvsagt at fleirtallet i kommunestyret støtta denne saka på sist kommunestyremøte.

Lund og Dalane treng satsing på nye næringsområder for å skaffa nye arbeidsplassar og Vitensenteret vil skapa ringvirkningar, som også næringslivet i Lund vil nyta godt av. Før bygginga starta i Jøssingfjord, var besøkstallet i 2019 heile 30 000 besøkande der, så potensialet for at turistar vil koma via også Lund før, eller etter eit besøk i senteret er stor.

Vi må bli flinkare å slå oss på brystet og framheva vår identitet. Dette har i mange år vore nedprioritert. Gruveindustrien i regionen og i Lund, vil bli framheva i dette vitensenteret. I tillegg har vi eit stort fokus i dag på mineraler i vår kommune, så om Lund er i dag prega av treindustri og landbruk, vil framtida også mulig visa at det også er rom for andre næringar som turisme og mineralutvinning.

Lund har har hatt fleire gonger gjennom tidene svingane økonomi. Dei siste åra med Erna styrt regjering, har overføringane til Lund blitt kutta. I tillegg har kommunen fått nye oppgaver, uten det har følgt med penger. Dette er årsaka til at Lund har hatt lite penger å rutle med.

Når vi nå får ein ny regjering, som lovar å styrka kommuneøkonomien og ikkje kutta som dagen regjering har gjort, ser vi i Lund SP lyst på framtida i Lund og håper på eit godt valg og ei framtid med Lund som eigen kommune.