Lund kommune og E39

Av
DEL

MeningerLund kommunestyre har vedtatt at nye E39 må flyttast frå anbefalt forslag frå statens vegvesen V2b til nordsida på Ualand V2a. Det er på tide at folk i Dalane får eit meir nyansert bilete av det som har skjedd i denne saka og at det ikkje er ei samla bygd som vil flytta vegen. Prosessen i kommunestyret har vore lite demokratisk og svært mangelfull. Vedtaket vart gjort utan diskusjon og ein vart tvinga til å røysta slik gruppeleiarane for dei politiske fleirtalspartia hadde vorte samde om på førehand. Det er slett arbeid som er utført av kommunestyret sine folkevalgte. Dei har ikkje vore ute i terrenget og sett på dei 3 alternativa til ny veg og har heller ikkje prata med grunneigarane og fått forklart fylgjene av vegen.

Dette er den viktigaste saka i Lund kommune på mange år og så får ein munnkorg og ingen diskusjon i kommunestyret. Administrasjonen er nøytral og har meir fagleg kompetanse på dette området. Likevel ser dei folkevalgte heilt vekk frå rådmannen si innstilling. Rådmannen med sin stab har vore ute i terrenget og sett korleis vegen vil ramma alle 3 traseforslaga. Dei har også snakka med grunneigarane. Med andre ord gjort ein jobb som ein kan gå god for. Når Nye veier skal optimalisera/regulera der vegen verkeleg skal gå i terrenget vil me erfara at den røde streken i dagens korridor som markerer vegen fort kan verta endra for å spara pengar. Då vil også beslag av dyrka jord og beite verta endra. Dette vil slå svært negativt ut for trasé V2a fordi ein vil ikkje flytta vegen inn mot meir fjell som gjev ekstra kostnad.

For trasé V2b vil justering av rød strek slå svært lite ut på dyrka jord eller beite. Å leggja ny E39 på nordsida, altså V2a vil vera klart mest øydeleggjande for både jordbruket og naturlandskapet.Imidlertid virker det som det er partiboka som har bestemt traseen. Dei næringsdrivande som idag ligg langs noverande E39 ynskjer også at nye E39 skal gå der vegvesenet har innstilt, altså V2b. Lund kommune har brukt mykje pengar på infrastruktur til industriområdet på Ualand. Dette kan gå tapt om E39 vert lagt på nordsida av Ualand (V2a). Vert derimot V2b valgt får me eit kryss så nærme industriområdet at det vil verta vidare utbygd og ny verksemd kjem til bygda og med det nye arbeidsplasser. Dette treng me sårt i Lund kommune.

Når det gjeld støy så har ein overdramatisert dette.Kjører me mot Sandnes og ser kva som har skjedd langsmed motorvegen der så er det i ettertid bygt mange kontor/hus og leiligheter kloss inntil vegen. Skal støy på Ualand vera eit argument for å flytta vegen kan det ikkje byggjast vegar i Norge. Plan og bygningslova regulerer dette i tilegg til støyskjermingUnderskriftslista om å flytta vegtraseen er useriøs og er også underskriven av folk som ikkje bur i bygda og av mindreårige. Folk som sa nei ved første besøk av dei som gjekk rundt med lista fekk nytt besøk for å skriva under. Heile opplegget rundt underskriftslista som er igangsett av grunneigarar på sørsida (V2b)vitner om ein simpel framgangsmåte. Lista evner ikkje anna enn å skapa strid og splittelse i bygda. Alle må sjølvsagt få kjempa for si sak men eg hadde venta ei meir edrueleg framferd av enkelte personar.

Når politikarar går ut og seier dei er inhabile men likevel kjempar med nebb og klør for å flytta vegen er dei i mine augo ikkje inhabile. Politikarar som seier at vegen må ut or bygda og leggjast på nordsida for at ingen då vil merka vegen tek veldig lett på sitt arbeid. Denne høyringa seier meg heilt klart at i slike store nasjonale oppgaver som vegbygging må lokaldemokratiet vika. Vegtraseen skulle vore bestemt i Oslo frå A til Å likeeins spørsmålet om bompengar.

Artikkeltags