Pride i Kvinesdal

FLAGG

FLAGG

Av
DEL

MeningerDet er noko eg må nemna.

Vi er komne over i nytt år, og det skal arrangerast Pride-paradar 2020.

Her i Kvinesdal opplevde vi for eit årstid sidan at aldersheimen vart dekorert med pride-flagget. Og vi fekk også sjå at barnehagen gjekk i pride-tog til rådhuset. Der dei vart tekne i mot og visstnok hylla av ordføraren. Barnehagen i homotog, i skeivt tog!

Kva er Fri-bevegelsen si målsetjing når dei også ynskjer å involvera barna i denne kjønns- og protestbevegelsen? For meg ser det ut til at siktemålet er at ein alt frå barnehagestadiet skal innarbeida protesthaldningar og opprør mot kristen tru og moral hos dei små.

Når det så også kjem fram at Fri arbeider for ein forvirrande ideologi når det gjeld kjønn og seksualitet, og at opplegget er at Fri skal ha uhindra adgang til barnehagar, grunnskule og oppover til universiteta for å spreia sitt «frigjerande» bodskap om kjønn, samliv og seksualitet. Då forstår eg at vi opplever eit ideologisk angrep frå avgrunnen av uhyggelige dimensjonar. Kvar er politikarane våre! Dei er valde for å styra landet, ikkje for å bli dominerte og duperte av lobbyistane!

Det biologiske kjønnet barnet er fødd med, kan ordnast og endrast på gjennom medikamenter og operative inngrep får vi høyra. Guten «Einar», som er deppa og kjenner seg fødd i feil kropp, kan endrast til det sprudlande jentebarnet «Eva». Det vi høyrer mindre om, er at vedkomande blir pasient for resten av livet med store psykiske problem. Sjå til Sverige. Svenskane legg føre oss i løypa og «treet sine frukter har dei alt fått smaka.» I denne saka som elles: Eit dårleg tre ber ikkje god frukt.

Det ser ut til at politikarane er viljuge til å utsetja befolkninga for eit kjempeeksperiment. Kanskje årsaka både er vankunne og jakt etter stemmer til sitt parti. Landets ve og vel ser ut til å koma i andre rekkje.

Eg håpar at foreldra er klar over at dei har reservasjonsrett mot å la barnet sitt verta utnytta ved å delta i Fri og Rosa kompetanse sine arrangement.

Artikkeltags