Gå til sidens hovedinnhold

Promillespørsmål til statsråden: – Hva betyr egentlig utslippskuttene i Norge?

Sauland vil vite hvilken effekt utslippskuttene i Norge vil ha på den globale gjennomsnittstemperaturen.

Stortingspolitiker Gisle M. Saudland fra Flekkefjord er aktiv med spørsmål til statsrådene i regjeringen for tiden. Nylig stilte han spørsmål om hvor mye dyrere strømregningen blir for folk flest dersom alle oljeplattformer skal elektrifiseres.

Nå har han utfordret klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn til å svare på spørmålet: «Dersom Norge oppnår netto nullutslipp av klimagasser, hvilken effekt vil det ha på den globale gjennomsnittstemperaturen?»

Saudland viser til at Norges utslipp av klimagasser i 2020 var på rundt 50 millioner tonn CO2-ekvivalenter, mens de globale utslippene var på om lag 34.6 milliarder tonn CO2-ekvivalenter.

– Norges andel av de globale utslippene er dermed på rundt 0.14 prosent. Dette er rett i overkant av en promille. I den norske klimadebatten er det mye fokus på nasjonale tiltak og utslipp. Sjelden reises debatten om internasjonale utslippskutt og Norges andel og påvirkning på den globale temperaturøkningen, påpekte Saudland i sin henvendelse til statsråden.

Har ikke tall på effekten

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn svarte på spørsmålet fredag 2. juli. Her er svaret fra statsråden gjengitt i sin helhet:

Eg viser til skriftleg spørsmål frå representant Gisle Meininger Saudland. Representanten spør kva effekt det vil ha på den globale gjennomsnittstemperaturen om Noreg oppnår netto nullutslepp av klimagassar.

Noreg har som part til Parisavtalen forplikta seg til å bidra til å nå det globale langsiktige temperaturmålet om å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 gradar samanlikna med før-industrielt nivå og arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 gradar.

Slik Parisavtalen er bygd opp skal alle land melde inn eit nasjonalt bestemt bidrag ut frå sin høgaste moglege ambisjon. Desse bidraga skal forsterkast kvart femte år. På denne måten skal landa saman nå det globale temperaturmålet. Om ein ser isolert på utsleppa til det einskilde land vil dei aller fleste ha små utslepp i ein global samanheng, men det er den samla innsatsen som avgjer om vi når Parisavtalen temperaturmål. Alle må bidra, det gjeld land med både store og små utslepp.

Å rekna på kva effekt det vil ha om Noreg oppnår netto nullutslepp av klimagassar er svært komplisert, og det har vi ikkje tal på.

Noreg tek ansvar. Vi skal gjere vår del av jobben – både nasjonalt og internasjonalt. Innsatsen kjem med ein pris, men kostnaden ved ikkje å handle er langt høgare enn kostnaden ved å ta grep no. Skal vi lukkast med å nå måla i Parisavtalen må også utsleppa internasjonalt reduserast. Eg er difor glad for at representanten etterlyser debatt om internasjonale utsleppskutt. Her gjer Noreg mykje bra.

Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing og det viktigaste bidraget vårt til å redusere utsleppa i utviklingsland. Vi når verken måla i Parisavtalen eller FNs berekraftsmål utan å redusere og reversere tap av regnskogar i verda. Skogane medverkar til eit stabilt klima, til naturmangfald, og dei utgjer levegrunnlaget for millionar av menneske som bur i og omkring skog. Klima- og skoginitiativets strategi er å støtte skoglanda i innsatsen dei gjer for berekraftig forvaltning av regnskog, og å redusere presset på skog frå marknaden, gjennom å redusere etterspurnaden etter råvarer som driv avskoging.

Utover klima- og skogsatsinga er fornybar energi og klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar prioriterte i klimafinansieringa vår. Noreg bidreg til å gjere det mogleg for andre land å nå klimamåla gjennom eit sterkt klimadiplomati og ved å støtte arbeidet utviklingslanda gjer med lågutsleppsutvikling og klimatilpassing. I 2021 tildelast det drygt 6,4 mrd. kronar til bistandsrelaterte tiltak innan klima og skog, fornybar energi, miljø og hav.

Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under Parisavtalen, og regjeringa gir eit samla bidrag til Det grøne klimafondet på 3,2 milliardar kroner over perioden 2020–2023. Noreg sitt òg i styret i Det grøne klimafondet.

I tillegg arbeider Noreg aktivt for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtalen. Slikt samarbeid om utsleppsreduksjonar kan gjere at land aukar klimaambisjonane sine. Gjennom deltakinga vår i mellom anna Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) og eit bilateralt program organisert gjennom Global Green Growth Institute er vi med i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for marknadssamarbeid innanfor ramma av Parisavtalen. Formålet med slikt samarbeid er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utviklinga av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land.

Les også

Miljødirektoratet støtter Eramet: Får 92,8 millioner i støtte

Les også

– Hvor mye dyrere vil strømmen bli?

Les også

Kan gi ny lokal næringsaktivitet: Smelteverk kan erstatte kull og koks med trevirke

Les også

Eramet ser frem til å få «hydrogen-nabo» i Kvinesdal

Les også

Elferjer i Flekkefjord: Dyreste klimatiltak for fylket

Les også

Mer lokal makt, og innstramming av vindkraftpolitikken