Splittelse i Sirdal   

Av
DEL

MeningerDet er mykje misnøye i befolkninga med fleire kutt i Øvre Sirdal etter kommunemøtet i desember 2019, og fleire og fleire stillar kritiske spørsmål til kommunen og den si tilhøyrsel.

Dette spesielt etter kommunevalet hausten 2019, då det kom eit maktskite til Arbeidarparitets favør, støtta av Høyre.

To kommunar?

Sirdal kommune består av Øvre Sirdal og Tonstad. Det er nå 60 år sidan det som tidlegare var to kommunar vart slått saman til ein: Sirdal, noko det alltid har vært litt misnøye med. Denne misnøya ser nå ut til å flamme opp for fullt.

Det er ikkje til å undrast over at blant ein stor del av befolkninga, spesielt dei yngre, blir det nå stilt spørsmål om me er tent med å ha ein kommune.

Øvre Sirdal nå har lengst kommunegrense til Sandes kommune, etter kommunesamanslåing, og Gjesdal kommune, og mange lurer på, spesielt i Øvre Sirdal, om dei i det heile er i rett fylke.

Det er allereie store forskjellar innad i kommunen, blant anna har Øvre Sirdal alle feriar saman med Rogaland, på grunn av mykje turisme derifrå, i motsetning til Tonstad som har feriar med Vest-Agder.

Både ordfører og varaordfører gjekk ut før valet at dei skulle samla Sirdal, og forklarte kor godt alt skulle bli, men i staden ser me nå ein splitta kommune.

Den politiske leiinga, som består av ordførar og varaordførar, skal gå foran med eit godt eksempel og visa vei, noko det kanskje ikkje har blitt sett så mykje av sidan valet.

Slik det ser ut etter budsjettforhandlingane i desember er det lite fokus på samling av Sirdal, då det skal kuttas i budsjettet i fleire stader i Øvre Sirdal.

Kutt i kultur og skule

Turismen er ein av Sirdals store næringar, noko ein skulle trudd kommunen gjerne ville satse på men det vart vedtatt at det skal kuttast i stillinga på Kvæven Turistinformasjon. Dette sjølv om varaordførar, leier i Høyre, gjekk inn for satsing på næring i valkampen.

Det er ein veldig turiststraum gjennom Sirdal, noko som berre aukar.

Kutt i Sirdal fjellmuseum, der museumstillas skal reduseras eller avviklas, går ut over tilbodet turistane har og kan ha store konsekvensar.

Det vil allereie fram til påsken bli reduserte opningstider på grunn av desse kutta.

Samtidig med vedtak om avvikling eller reduksjon av museumsstilling har Sirdal kommune også takka ja til ei gåve på 400.000 kroner til eit verdiskapningsprosjekt om villrein og formidling, eit prosjekt utlyst av Miljødirektoratet, på fjellmuseet.

Dersom museumsstillinga kuttes må ein stilla spørsmål ved kven som då skal ta ansvar for villreinprosjektet, og at desse handlingane verkar motsetjande.

Andre kutt som skal skje i Øvre Sirdal er på Sinnes skule.

Tonstad har nylig fått heilt ny skule av høg standard, mens Sinnes har stått på vent i fleire år.

Forgje kommunestyret inngjekk kontrakt med byggefirma Bilstad Bygg AS om oppgradering av Sinnes Skule. Dette er ei oppgradering som har stått på vent lenge, og arbeidsforholda på skulen følgjer ikkje lovkrava for tilsette eller elevar lengre.

Denne kontrakta ser nåverande kommunestyret på om det er mulig å endre eller kansellere, noko som kan koste opp til 5,5 millionar.

Det å komme med sånne ting er med å skape ein veldig usikkerhet, og der er viktig å huske at det å bryte slike kontraktar er veldig kostbart.

Biblioteket på Sinnes Skule blir også kutta. Tidlegare bibliotekar gjekk ut i pensjon ved årsskiftet, men det skal då ikkje settas inn nokre nye tilsette der.

På Sinnes har me hatt ei bibliotekstilling som har fungert veldig godt, og nå skal det strykast. Mangelen på tilbod Øvre Sirdal nå opplever er skuffande, og for mange provoserande.

Desse kutta som skjer i Øvre Sirdal har svært mykje å seie, både for stemninga i kommunen, og usikkerheten som rår.

Ein splittelse er der, og det blir det, og det er ein svært uheldig sak for ein kommune.

Artikkeltags