Kvinesdal kommune - avskiltar alle kommunale arbeidstakarar over 70 år!

Av
DEL

MeningerEtter at eg gjekk av som arbeidstakar i skulesektoren for noen år sidan, har eg, sjølv om eg har fylt 70 år, hatt gleda av å kunna vera lærarvikar på den lokale skulen. Etter over 40 år i skulen, har eg framleis hatt interesse og overskot til å kunna ta på meg vikartimar når det måtte passa meg.

Det blir det nå slutt på! Kvinesdal kommune har bestemt, administrativt eller politisk, at ingen kommunale arbeidstakarar over 70 år skal kunna jobba i kommunen. I kommunal sektor gjeld reglane om aldersgrenser i arbeidsmiljøloven, § 15-13 a. Etter desse paragrafane kan arbeidsgjevar einsidig avslutta arbeidsforholdet (utan krav til sakleg grunn) når arbeidstakar fyller 72 år. Arbeidsgjevar kan, under visse vilkår, fastsetja lågare aldersgrense, men ikkje under 70 år.

Dette er for så vidt greitt nok. Eg forstår også at arbeidstakarorganisasjon kan ha motstridande interesser her. Ein ting er å la eldre arbeidstakarar som ynskjer det, stå lenger i jobben. Noko anna blir det om dette skulle bli eit krav frå arbeidsgjevar. Deira frykt er vel at den generelle pensjonsalderen skal bli heva frå nåverande 67 år.

Det eg ikkje forstår, er at kommunen, på eitt eller anna nivå, har vedteke at også tilfeldige vikariat/vikartimar ikkje skal kunna gjevast til personar over 70 år. For meg blir dette meiningslaust. Det er ikkje slik at straks du fyller ei viss aldersgrense, så forsvinn kompetansen og den erfaringa du har opparbeidd deg etter eit langt yrkesliv. Frå alle hold blir eldre arbeidstakarar oppfordra til å stå lenger i jobben. Heldigvis, svært mange over 70 år er både oppegåande og spreke. Då blir det for meg ganske meiningslaust at når f.eks, ein skule eller ein omsorgsinstitusjon treng kvalifisert vikarhjelp, så skal ein bli utelukka kun av di ein har nådd ein viss alder!

Eg meiner at eg, og eg vil tru dei fleste eldre arbeidstakarar , sjølve er i stand til å vurdera eiga arbeidsevne og helse. Og ikkje minst har eg full tiltru til at arbeidsgjevar sin representant på den enkelte arbeidsplass er den beste til å vurdera arbeidsevne og kompetanse, også for ein som har fylt 70 år!

Når ein arbeidsplass, det vera seg ein institusjon eller ein skule i kommunen, søkjer etter vikarar der det blir stilt krav til kompetanse, må det vera utdanning /kompetanse som tel, ikkje alder!

Derfor Kvinesdal kommune, for å bruka eit uttrykk frå idretten: Direkte raudt kort for dette vedtaket!

Artikkeltags