Ådne ønskte oss velkomne med «Ve no velkomen med æra» av Geirr Tveitt frå Hardanger.

Turen gjekk vidare til Jæren og Arne Garborg. Frå Haugtussa fekk vi høyra Blåbærli og Møte med musikk av Edvard Grieg, og Sporven, Elskhugsong og Ved Gjætlebekken med musikk av Catharinus Elling.

Ådne avslutta avdelinga med klaversolo, Veslemøy av Johan Halvorsen

I denne bolken kom samspelet mellom Ådne og Ingrid verkeleg til sin rett. Tolkinga deira av Haugtussa var så flott at eg bare ønska meg meir. Ingrid sin klangfulle stemme og Ådne sitt kjenslevare klaverspel gjorde dikta og Veslemøy levande.

Neste stopp var Sverige med fire songar frå Hjärtats Sånger av Pär Lagerkvist og med musikk av Gunnar de Frumerie, Det blir vackert där du går, När du slutar mina ögon, Ur djupet av min själ og Som en våg.

Tilbake til Norge att og klaversolo Vandliljen, frå Akvareller av Alf Hurum.

Eg såg føre meg klårt vatn med kvite vannliljer som duva i sommarbris når Ådne sine fingre leika seg med så vakkert med tangentane.

Eit ganske så lokalt innslag var òg med i programmet: Ein pust, eit dikt av Olav Mosdøl frå Setesdal/Telemark tonesett av Sverre Eftestøl frå Kvinesdal.

Så følgde to nydelege dikt av Bjørnstjerne Bjørnson med musikk av Halvdan Kierulf

O, vidste du bare og Da barnet sov inn (Søvnen) og klaversolo Notturno av Edvard Grieg.

Til slutt fekk vi høyra Jeg elsker dig, tekst av H.C.Andersen og musikk av Edvard Grieg.

Ingrid og Ådne er ein dyktig duo. Dei hadde sett saman eit flott og variert program til denne sommarkonserten. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dei trivst i lag på scena. Ingrid hadde gode introduksjonar til kvar konsertbolk, og det gjorde at publikum kom enno nærare musikkstykka.

Eit fint pynta lokale i Sjøbuene med eit blankpussa og velklingande flygel og vakker utsikt mot Grisefjorden, skapte ei fin ramme om konserten.

Tusen takk for ei god musikkoppleving.