Gå til sidens hovedinnhold

SV best på miljø- og klimapolitikk

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei siste vekene har vi fått fleire analyser av miljø- og klimapolitikken til dei politiske partia som kjempar om posisjonar på Stortinget. Miljøorganisasjonar har vurdert i kor stor grad partia har ein politikk som tar vare på naturen og bidrar til å nå klimamåla våre. Dette er spørsmål som er høgt oppe på prioriteringslista til mange veljarar dersom vi skal tru forskarane. Konklusjonen som vi kan dra av analysene til miljøorganisasjonane, er klar. Dersom du vil ha regjeringsskifte og er opptatt av klima og miljø, så er SV eit godt val.

Naturvernforbundet har presentert ei brei vurdering av politikken til partia. Den dekkjer område som naturmangfald, forbruk, samferdsel og klima. Her kjem SV best ut følgt av MDG, Raudt og Venstre. Desse partia får grønt lys av Naturvernforbundet. Deretter kjem KrF og AP som får gult lys. Nederst på lista finn vi SP, Høgre og Frp som får raudt lys av miljøorganisasjonen. Gjennomgangen er detaljert og har mange interessante poeng. Du kan finne heile oversikten på nettsidene til Naturvernforbundet.

Enesgisparing er eit viktig element i arbeidet med å omstille oss frå fossil til fornybar energi. Det er store mengder energi å spare i boligar og andre bygg, men dette området har diverre blitt lågt prioritert her i landet. Naturvernforbumdet har derfor gjort ei spesiell vurdering av partia sin politikk for energismarte heimar. Her kjem SV på topp saman med MDG. Nederst på lista finn vi SP, Ap, Høgre og Frp.

Klimapolitikken har forsvunne frå media i koronakrisa, trass i at vi stadig får nye rapportar som viser at vi står overfor store utfordringar. Besteforeldra sin klimaaksjon er blant dei som held engasjementet oppe. Dei har gjennomført ei vurdering av sentrale punkt i partia sin klimapolitikk. I denne gjennomgangen kjem SV på topp saman med MDG og Raudt. Nederst finn vi Ap, SP, Høgre og FrP.

Dei tre partivurderingane viser at SV ligg i front i miljø- og klimapolitikken. I tillegg har SV vist at partiet kan få gjennomslag for viktige miljøsaker som å få vedtatt naturmangfaldlova og hindre oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Vil du ha ei ny regjering og samtidig ønskjer ein framtidsretta miljø- og klimapolitikk, så bør du vurdere å stemme SV. Det ser du av dei partivurderingane som er omtalt her.