Gå til sidens hovedinnhold

Svar på lesarinnlegg om vindturbinar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eit lesarinnlegg den 19. mars av Nils Olav Vågen frå Hidra «Vindkraft og naturen» gjev inntrykk av at vindturbinanlegga har få eller ingen skadelege verknader på naturen. Mykje nyare gransking gjev eit heilt anna bilete. Her vi eg berre gjere merksam på eit større arbeid frå universitetet i Wyoming, USA (Professor L. Tronstad m.fl 2018) Her seiest det slik, og referer samstundes til anna gransking:

«Vindturbinanlegg kan i stor grad påverke samfunn av pollinerande insekt, truleg og med ein kaskade av verknader på heila økosystema. 80 % av artane i verda er insekt, dei dominerer økosytema på land, og forsyner desse med slikt som mat for dyr og pollinering. (Grimaldi og Engel 2005; Wilmer 2011) Pollinerande insekt er avgjerande for at økosystema skal vere friske og fungere, både i kulturlandskap og i vill natur. (Losey og Vaughan 2006; Wilmer 2011).

Store mengder insekt vert drepne av vindturbinar – ein ser at restar av klistra insekt på turbinblada kan redusere effekten med mellom 25 og 50 %.(Corten og Veldkamp 2001). Turbinlys, farge og varme kan dra til seg insekt, og vidare fuglar og flaggermus som jaktar på desse. (Rydell og fleire 2010: Long 2011: Horn og fleire 2010; Kunz og fleire 2010) Det viser seg her at dei fleste fuglar og flaggermus som vert drepne er insektetarar. (Erikson og fleire 2002)

Når det er særskilde artar av insekt som går tapt, kan dette være avgjerande for økosystema si helse og sin verkemåte. Dei fleste artane av insekt lever på og i bakken, og vert lite direkte skada av vindturbinar. Likevel er det slik av «alt verkar saman med alt» og dermed kan andre dyr og insekt verte påverka. Men av dei insekta som flyg i den farlege høgda, er mange viktige pollinatorar, slik som nattsvermarar, kvepsar, bier og humler.

Dermed vert den viktige tråden i livsveven, som mellom anna kommuniserar mikroorganismar mellom planteverda og dyreverda, vert broten om dese fell bort. Om økosystema bryt saman kan det løyse ut stormar der covid 19 verkar som ein mild bris. I tillegg er pollineringa av ville planter og kultutplanter viktig både for vill natur og matforsyninga vår.

Naturvitarar har dei seinaste 10 -12 åra åtvara om at det store tapet av insekt er teikn på eit alvorleg samanbrot i økosystema våre. Slik kan skadeverknadane av vindturbinar eskalere og vekse langt utover tapet av insekt, dyr og plantar. Men dette vart ikke norske kommunar opplyste om då dei skulle fatte vedtak om etablering av «vindmølleparkar». Dei har blitt førde bak lyset. Kostbare konsekvensutreidningar manglar titt så mykje at dei må kallast ein bløff. I desse er insekta knapt nemde. Hadde ein vore ærlege her, kunne ein kan hende funne andre tekniske løysingar for å fange vindkrafta, utan slike skadeverknader.