Wolfgang Plagge er kjent for mange som vidunderbarnet som debuterte som tolvåring. Men ved sida av å vere ein trollmann med tangentar, kan han svært mykje om musikk som han evnar å formidle både til sine studentar på Norges Musikkhøgskole og til born og vanlege folk.
Konserten innleia han med sceneskrekk, på ein humoristisk måte. Han snakka om redsla ved å skulle prestere framfor ein gjeng ukjente og kjente folk. Løysinga er å fokusere på dit ein vil, forbi den vanskelege byrjinga.
-Kvifor snakkar me om musikken i eintal, spurde Plagge. Det finst jo så mange musikkar.
Så opna han konserten med eit vakkert stykke skrive for lutt av John Dowland, som levde på 1500-talet. Det er stillferdig musikk som flyt av garde og gjer godt for sjela i ei uroleg tid.
Vidare gjekk turen innom J.S. Bach som skreiv for cembalo, som er musikk med mange ornament. - Det er fordi tasteinstrumenta i barokken var lite dynamiske og med kort klang og dei mange tonane kompensera for dette, forklara Plagge.
Det var fyrst utover på 1700-talet at hammerklaveret, vart utvikla, eit såkalla pianoforte, dvs at det gjekk an å påverke styrken på tonen med kor hardt ein trykte ned tangenten. Wolfgang Plagge illustrerte det med å spele ei overture til ein opera av George Brigdewater, ein ven av Ludvig van Beethoven. Beethovens komponistgenerasjon tok no i bruk klaveret, som stadig vart forbetra, til fulle og det vart slutt på bakgrunnsmusikken. Me fekk høyre tredjesatsen av den såkalla Stormsonata, nr. 17.
Neste stopp var 1800-talet og pianistvirtuosen Franz Liszt. Plagge gav eit kraftfullt døme på Liszt sin musikk, og klangen fossa på nytt ut av flygelet, nesten brutalt.
Vidare tok han oss med til 1900-talet og spela eit gripande stykke av den ungarske komponisten György Ligeti, Wolfgang Plagges tidlegare lærar. Tittelen var Tabula rasa, rein tavle på norsk. Verket byrjar med krasse, dissonerande klangar og går systematisk og gradvis over til mjuke reine harmoniar og endar med ein enkel tone. Eit forbløffande stykke musikk som ryddar i sjela og skapar ro. Noko liknande var Olivier Messiaen sin hyllest til Beethoven. Ein blanding av komplekse klangar og ro og vakker harmoni.
Med det var ringen slutta og Wolfgang Plagge hadde gjeve oss eit artig musikkhistorisk overblikk med komponisten Beethoven og utviklinga av klaverinstrumentet som navet konserten dreia seg rundt.
Musikk er eit eige språk, sa Plagge, men sanneleg er det fint med ein musikar som i den grad også kan setje ord på musikken og gjere oss rikare både på kunnskap og oppleving.