Før utskiftinga i 1863 stod ein gamal asal på Helleteigen, og nær denne ein stein som det var skikk å ofra øl og graut til på julaften. Ein skikk på fleire stader, ofra for å halda seg til vens med dei underjordiske. Asalen hogg dei ned etter utskiftinga og rot-butten, resten av stammen og greinene blei fordelt mellom bruka.

Men steinen blei ståande ei tid etter utskiftinga. Ikkje alle lika ofringa. Nokon kalla det avgudsdyrking. I samlingsbladet til segn og soga for Flekkefjord og bygdene, Grannen 1953 nr 2, fortel Lars Fr. Nuland at det truleg var presten Rønning, som var prest i Sirdal 1863 – 1874, som fekk slutt på skikken. Han mislika øl- og grautberinga til den gamle steinen. Han fekk ein omreisande kramkar (nokon kalla de i fantar) til å velta steinen avvende. Ingen bygdemann ville eller torde gjera noko slikt.

Seinare ble steinen mura inn i skorsteinen hos Per Svensson, der låg han i fleire år. Elias O. Tonstad fekk lov å ta steinen og setja han opp att i tunet heime, Hauetunet. Denne Elias er det som har gjeve namnet til Eliashuset og Eliastunet.

Elias eigde «Indre Hauan». Han hadde stor vyrdnad for slekt og tradisjonar. Han totte mon i å verna om den gamle ølsteinen, og sette han opp att i tunet sitt.

Elias døydde like før jul i 1952 litt over 60 år gamal.

I dag ligg denne steinen utafor Eliashuset. Det har vore, og er, litt diskusjon om den skal setjast opp att utafor huset der steinen stod eller om ein skal følgje prest Rønning si meining å velta offersteinen. Så langt vi kjenner til, er det ikkje teke noko avgjerd enno. Spørsmålet er omdiskutert, men usemja er ikkje så sterk som for 150 år sidan.